Referat April 2018
Pub games blei arrangert fredag 6.april 2018 på Restaurante 34. Vi var 31 konkurrerande gentlemen ulasteleg antrukket for slik ei tevling. 

Kveldens første spel var 301 dart. Deltakarane var delt inn i grupper på 4 og totalt vart det 8 kampar. Vinnarane i kvar omgong blei registrert med antall poeng. Dei 4 vinnarane med best poengsum gjekk vidare til semifinale. Her i rangert rekkefølge (tre-delt førsteplass):
1: Kjell Magne Bøe 15.05 poeng
1: Kåre Tonning 15.05 poeng
1: Kjetil Karstad 15.05 poeng
4: Kurt Isene 14.78 poeng
5: Thomas Taule 14.33 poeng
6: Ståle Bergset 11.58 poeng 
7: Rolf Helge Nesdal 11.58 poeng
8: Terje Smeden Mundal 10.00 poeng

Finalistane gjekk ivrig vidare innover i lokalet for å prøve å omstille nerver og sinn til neste pub game som var shuffleboard. Kvart par fekk nokre steinar til å bli fokusert før kvar semifinale blei gjennomført med ei spenning som fekk steinane til å fly endå lettare over bordet enn vanleg er. Publikumsmengda vi hadde sett for oss tykte tydelegvis at dette kom til å bli for spennande så dei torde ikkje å møte opp. Semifinalane forløp difor i ro og mak. Kjell Magne og Kåre spelte første semifinale der Kjell Magne kom ut med dei beste steinane. I andre semifinale spelte Kjetil og Kurt to heseblesande omgongar og Kjetil stod til slutt igjen som den andre finalisten.

Finalen i kveldens pub games var eit slag biljard. Overdommer Robert sytte for at de var ro i alle gemytter under heile den energitappande finalen. Mot slutten av kampen var begge finalistane tydeleg slitne. Den som til slutt klarte å slite seg gjennom nålauget og opp på toppen av pallen på den andre sida var den letta og lukkelege Kjell Magne. Den utmatta tapande finalisten Kjetil måtte surt innsjå at vinnaren innkaserte ei herleg flaske Highland Park whisky.

Oppsumert vil arrangørande skryte av alle deltakarar som spesielt under dart-konkurranssen skapte ein veldig god atmosfære på Restaurante 34 og heia fram dei konkurrerande til å yte sitt beste. 

Det var eit nytt medlem som presenterte seg. Vi ønsker Espen Berstad velkomen i klubben! 

Det blei dessverre ikkje utnemnt to nye arrangørar til FF mai. Dersom nokon ønsker arrangementet i si hule hand så kan dei gje beskjed om det seinast søndag. Er det ingen frivillige til søndag så utfordrar vi to sjølv måndag morgon.

Takk til Tiago som sponsa oss med gratis leige av utstyr og hjelp under arrangementet! Desto meir pengar overført til klubb-kassa.

Helsing Robert og Ingebrigt

Stolt sponsor for SPPC:




 
Stryn Ping Pong Club
 * 27 betalande
 * 13 ikkje betalande
 * 1 æresmedlem
 * Er IKKJE medlem av Norges 
   Bordtennisforbund eller
   andre forbund
 
Gudfaren 


På årsmøtet i desember 201
vart Åge Rustøen valt til ny

toppsjæf i SPPC. 

Han avløyser Kåre Tonning
(Konsulen 2010 - 2015)
og Arve Aaning
(Formannjen 2004 - 2010).