Referat FF Mai 2018
Ein liten gjeng, etter 2018-standard, møtte opp på Skisenteret. Det vart delt ut poeng i alle himmelretningar allereie ved oppmøte. Dei fleste fekk poeng for å kome nokolunde i tide, medan andre skaffa seg ein haug med poeng for å ha med bevis.

Før vi kom i gong med den skikkelege konkurransen vart det informert om Oktoberfest 2018 ved Kim Rune Flo. Han valde av religiøse grunnar, å gå heim rett etter info’en.
Den første øvinga var å samle 1 kg kokain-kvit snø. Det vart gjeve poeng etter kor nært dei ulike deltakarane kom. GT hadde leiinga lenge, men Steinar som kom seint og godt, vann øvinga med ein feilmargin på 9 gram. 

Neste øving var at dei skulle lage kvar sitt «un-googleable»-spørsmål, desse vart nytta i quizen seinare. Samstundes med dette vart det skarpskyting med NERF-pistol i første etasje. Ølboksar skulle skytast ned. I begge desse øvingane vart og delt ut rikeleg med poeng.

Litt av målet vårt med denne FF’en var at flest mogeleg skulle vere med heile vegen, og det tykte vi at vi klarte. Siste øving før finalen var quiz.
Presentasjon av nytt medlem: Thomas Kupen. Gjekk greitt føre seg, svarte på spørsmåla som vart stilde.

Då arrangørkomiteen skulle trekkje seg tilbake for å finne ut kven som kom til finalen, fann Kubikk ut at ein plass i finalen ikkje var å forakte. Han reiv i ei runde eller tre av dei store krusa de ser han sjølv drikk av. Det skal no løne seg med bestikkelsar, så Kubikk kom sjølvsagt til finalen. Komiteen trekte seg tilbake, og etter finrekning og destruering av alle bevis fekk vi dette finaleheatet:
Poppe, Lisje-Hagen, GT, Åge, Ståle, Ove, Steinar og sjølvsagt Kubikk.

Dei skulle konkurrere i å ete sterk mat. Reglane var enkle: Dersom du drikk noko anna enn øl/brus er du ute av konkurransen. Det starta med paprika for så å gå over til nokre variantar taco-saus. Deretter vart det jalapenos og grøn chilli. Etter chillien roa vi det ned med litt sweet and sour for Rukas serverte Habanero. Dei fleste hang med så langt, men her møtte ein del veggen. Neste runde bestod av Piri-piri, og etter denne runden stod vi igjen med Kubikk og GT. Etter to nye rundar med Piri-piri sat karane framleis relativt godt i stolane.

Ein vinnar måtte kårast, og etter ei kort rådslåing vart vi einige om at GT som kom inn i finalen med mest poeng (om lag 7000poeng), var kveldens vinnar.

Premien var mykje heder og ære, ein NERF-pistol og mest truleg ein sår bakende på laurdag.

Arrangør FF-juni: Gudfaren og Smaragden

-Rukas, Roger og Jan Tore-

Stolt sponsor for SPPC:




 
Stryn Ping Pong Club
 * 27 betalande
 * 13 ikkje betalande
 * 1 æresmedlem
 * Er IKKJE medlem av Norges 
   Bordtennisforbund eller
   andre forbund
 
Gudfaren 


På årsmøtet i desember 201
vart Åge Rustøen valt til ny

toppsjæf i SPPC. 

Han avløyser Kåre Tonning
(Konsulen 2010 - 2015)
og Arve Aaning
(Formannjen 2004 - 2010).