Referat Juni 2018
Må starte med å beklage at dette referatet vart litt forsinka, men samtidig takke Cato Rake for tolmodigheita.

Fredag 1.juni var det Motorfestival, og vi samla 23 Pingpongere i clublokale. (+arr)

Dei første som kom fekk starte med et slag billjard, etter kvart som dei kom inn døra. Samme kar som var "tidleg" ute og purra på referatet,var første man inn, og straks etter kom Konsulen inn døra. Han viste snart at Pubgames var hans ting og vann første runde.
Etterkvart som det kom fleire var det fotballspel, der det var førstemann til 5. Her viste det seg at fleire hadde øvd. 5-0 i fleire av kampane. Kan nemne Kegge, Torstein og GT.

Men alle som vann gjekk videre med 5 poeng i denne konkurransen.
No var det fleire som trudde alt håp var ute. Men alle fekk prøve seg i Curling etterpå. Her var det i teorien mulig å få 16poeng, men Konsulen, Keinen, Torstein, Solum, Ivar John, JT Hagen og GT fekk mest, alle 6 poeng.
Dermed var det duka for semifinale i billjard.
JT Hagen (10p) mot Solum (8p) og Konsulen (9p) mot GT (8p).

Her vann JT Hagen og Konsulen, og dei møtest då i finalen.

Her viste Konsulen stor ro, og lang erfaring kom til nytte.

Gratulerer til Konsulen.(Har ikkje klart å lese så langt tilbake i historia at vi veit kortid det skjedde sist, men det var på tide.)

Må ellers seie at det var bra politiet var opptatt med Motorfestivalen etter at det vart en del skyting med kanon, men det gjekk fint føre seg :)

Må også takke Svein O. N. Solum for dei to første bilda til veggen i clubblokale. Oppfordrer alle til å sende gode bilder frå Clubbens historie til han, så skal vi få opp på veggen litt etter kvart.

Og tusen takk til Kjetil Karstad og Arvid for lån av billjardbord.

Oktoberfestlista var og framme og et par solide navn kom til. Vi har no 57 navn på lista.

Mvh Smaragden og Gudfaren

Stolt sponsor for SPPC:




 
Stryn Ping Pong Club
 * 27 betalande
 * 13 ikkje betalande
 * 1 æresmedlem
 * Er IKKJE medlem av Norges 
   Bordtennisforbund eller
   andre forbund
 
Gudfaren 


På årsmøtet i desember 201
vart Åge Rustøen valt til ny

toppsjæf i SPPC. 

Han avløyser Kåre Tonning
(Konsulen 2010 - 2015)
og Arve Aaning
(Formannjen 2004 - 2010).