Referat FF August 2018
Etter at Juli arrangørane gløymde å plukke ut to nye til å arrangere FF Aug fekk Benny og Robin forespørsel onsdag om å vere arr. for August. Den tok vi på strak arm og fann ut at innvitasjonen måtte ha klinkande klar ordlyd om at her skulle det drikkast.

Litt før kl 19.00 strøymde det på med tyste ping pongerar 14 i talet til hovedkvarteret til klubben, bussen skulle gå presis kl 19 men vi hadde det so kjekt at ingen tenkte på klokka. Sjelden eller aldri har deltakerane vore so samstemde, absolutt alle hadde same innstilling: DRIKKE

Om bord i bussen vart det opplyst om at det var strengt forbudt å prate Nordfjord dialekt, gjorde du det måtte du selfølgeleg drikke, merkelig nok slo nesten alle over på Nordlenning. Når Hans buss sjåfør hadde fått kalibrert GPS etter nokre rundar i rundkjøringa sette vi nasa austover til Storesunde Lysløype Lag sine fasalitetar. 

Arrangørane var fullstendig klar over at det kunne bli en vansleleg kveld å halde styr på. Vi valde derfor å dele ut lodd etter kvart som dei gjorde seg fortente til det. Det vart og opplyst at arrangørane var korrupte og at det resuterte i lodd, ergo fleire vinnarsjansar. 

Kardinalen heldt ein brennande tale om den føreståande festen i september, kort info om at vi var nesten utselde for billettar. Måtte til slutt avbryte pga for mange spm frå fullje tilhøyrarar.

Etter å ha delt opp i fire lag vart det intern kamp innad i laget kven som skulle bli lagleder, det vart avgjort med støvlekast, selfølgeleg med en vri. Geir, Høgalmen Ståle og Steinar viste seg som dei beste i sine lag med kast frå 1,3 til 7meter.Lodd til dei. Når du får beste kast i laget med 1,3 meter seie det vel litt om at promillen var raskt stigande. Kanskje var der sprit opp i den herlege blandinga som venta deltagerane når dei annkom arenaen. 8 liter ferdigblanda dram som vi hadde tenkt skulle vare heile kvelden vart ikkje gammal, komplimenta hagla etter kvart so det minka i dunken, vart til og med hinta om at eg skulle ha jobba i bar….

Andre øvelse var øl stafett, fantastisk innsats å øl til alle, lodd til alle som deltok utan om laget med dårlegast tid.

Tredje øvelse: avstandsbedømming, en fulltreffar når beruselsen er høg. Svara på det lengste målet varierte frå 36 meter til 131m. rett avstand var 49,34m. lodd til deltakerane på vinner laget.

No var snart dunken tom å bestikkelsane sat laust, kandidatane til MBP vart fleire og fleire.

Då var det Mariekjeks 10 stk å plystring av Lisa gikk til skolen for spesielt utvalgte. Ikkje huska eg kven og kvifor men meina at Endre tok sigeren. No kom regnet å vi trekte inn, lodd til dei som rydda ute og fyrte opp inne. Merkelig nok sat lodd utdelinga litt lausare og utover kvelden.

Etter litt om og men fann vi ut at laget til Høgalmen hadde gjort det best til no og fekk derfor ekstra oppgåve. Plukk fritt blant opp møtte folk å kom nærmast 650kg var oppgåva. Hemmeleg veging på bakrommet etter at alle hadde raportert inn til sekretæren kven dei ville vege. OJ kom nærmast med 657kg Jan Tore H hadde 661,5 Øyvind 665,2 og Høgalmen 701,1. Enkelte insisterte på å få vege seg nakne for at det skulle bli rett.

Det var på tide med å kåre en vinnar, blokka var tom, dunken var tom, det regna og det var mørkt men det var det ingen som registrerte for i hytta var der meeeget god stemning. Forøvrig god trening av Ein Prosit heile kvelden. Alle fann fram lodda sine, noken hadde fleir en andre men alle hadde en sjangs til å bli vinnar av ff. Dei sat stille so lys med kryssa fingrar alle mann, Geir trekkte ut av hatten men det var berre prøvetrekking. Spenninga var til å ta og føle på nest lodd var en boks øl, det var neste og neste og neste og neste og neste og. So som en orgasme for første gong på en månad kunne Bjørge stolt vinke med loddet sitt å ta imot hyllesten som augusts FFer premien var ei flaske wiskey som han sikkert trengte. 

Då var det MBP igjen, to hadde utmerka seg heile kvelden men lovmannjen tok den på rutine, heile tida sjenning og sjikkanering av arr, masing om kortid vi skulle drikke sprit, kverrulering ol gjorde at han fekk ei flaske likør for innsatsen.

Då var klokka blitt mykje, ikkje veit eg kva ho var, men når eg vakna kl 0345 var i alle fall alle reist, bålet var slokna, eg var isande kalde å fann ut at eg måtte dra meg heim. So i kveld kjeme eg på at vi gjekk i same fella som foregåande arrangør vi gløymde i kampens hete å utnevne neste mnd arrangører, noken som melde seg frivillig eller må vi trekke lodd???????

Helsing Benny og Robin

Stolt sponsor for SPPC:




 
Stryn Ping Pong Club
 * 27 betalande
 * 13 ikkje betalande
 * 1 æresmedlem
 * Er IKKJE medlem av Norges 
   Bordtennisforbund eller
   andre forbund
 
Gudfaren 


På årsmøtet i desember 201
vart Åge Rustøen valt til ny

toppsjæf i SPPC. 

Han avløyser Kåre Tonning
(Konsulen 2010 - 2015)
og Arve Aaning
(Formannjen 2004 - 2010).