Referat FF September 2018
Fredag 7. september samla 30 (inkl Arr og ikkje minst butikkpersonale) Pingpongere seg på Clubbhuset for å konkurrere om litt heder og ære.

2 hadde meldt om litt seinare ankomst så vi prata litt om Oktoberfest og diverse mens vi venta litt på dei.

Når alle var på plass prata vi om møtet som hadde vore med Stryn kommune og næringslivet, og alle oppmøtte var veldig positive til at vi skulle hjelpe Stryn med å få fullfinansiert Per Bolstad plass. Vi snakka om ideane som var komt fram, og det kom vel ikkje fram nåke nytt, men alle syns Crowdfounding og Ønskebrønn var gode ideer.
Det hadde i forkant vore diskutert om vi skulle gje vekk Basarpenger og evt flytte penger frå kulturscene som vi tidlegare har lovt penger til. Vi stemte over dette, og samtlige stemte for å gi Basarpenger samt å omdisponere 50 av dei 100tusen vi tidlegare har lovt til scene. Det var samstemt at plassen måtte komme før scena.

Så kunne konkurransane starte. Først curling. 2 på kvart lag. Her var det Taco og JT Hagen som hadde en overbevisande seier og sanka mykje poeng.

Neste konkurranse var 4 på rad, og dei som hadde vore på lag møtte kvarandre her. Det var fleire som vart litt vel opptatt av egne planer, og gløymde at det sat en på andre sida og ville ha 4 på rad også. 

Så vart det Ludo. Etter at første runde tok litt lang tid, vart det litt endring på reglane og det vart delt ut poeng når den første var i mål med ei brikke. 4-3-2-1poeng. GT, Høgalmen, Hjellbakk og Svidal fekk alle 4 poeng her.

Dei 6 med høgast poengsum sammelagt fekk ei runde Yatzy. Taco, JT Hagen, Svidal, Hjellbakk, Rob og Ivar John.

Det resulterte i finale mellom JT Hagen og Taco.

Har var det en som hadde noko å revansjere etter det forsmedlege tapet i finalen mot Benny på FF november 2011. Alle husker sjølvsagt Hagen som vart først ferdig med Legohelikopteret, men en årvaken jurydommer oppdage en liten feil, og byggverket var underkjent.

Gratulerer til Vinner Jan Tore Hagen.

Og takk til Endre Bø som stillte på med premie. Sppc-skjorte. 

(Vinnaren som hadde skjorte frå før gav denne vidare til en trengande Pingponger) 👍💪👏

Vyrdsamt Hagen, Bjørge og Gudfaren.
Neste ff, 5. oktober.
Veidekkegjengen utfordrer Husbandet ved Jørn, Thaule og Ivar Jon til å arrangere neste ff.

Stolt sponsor for SPPC:




 
Stryn Ping Pong Club
 * 27 betalande
 * 13 ikkje betalande
 * 1 æresmedlem
 * Er IKKJE medlem av Norges 
   Bordtennisforbund eller
   andre forbund
 
Gudfaren 


På årsmøtet i desember 201
vart Åge Rustøen valt til ny

toppsjæf i SPPC. 

Han avløyser Kåre Tonning
(Konsulen 2010 - 2015)
og Arve Aaning
(Formannjen 2004 - 2010).