Referat FF Oktober 2018
Fredag 5. oktober var det endeleg klart for det mange, spesielt Poppe og Kubikk, hadde venta på: Musikk-Quiz. Husbandet var utpeika til å styre arragementet, og kunne notere treogtjue deltakarar som hadde møtt forventningsfullt fram på Clubhuset. Innleiingsvis kunne deltakarane nyte dempa, trompetbasert bakgrunnsmusikk før quizmaster Tonning sette konkurransen i gang.

Etter første runde, der spørsmåla var henta frå pensum på Ekorn-avdelinga på Tonning barnehage, kunne kapellmeisteren notere ein komfortabel ledelse. Sidan sjølve arrangementet var såpass tettpakka med spenning var det ikkje nødvendig med pauseunderholdning. Det skal likevel vere sagt at innimellom rundane gjorde Gudfaren og Arkitekten ein framifrå jobb med å dempe eventuelle tilløp til slåsting med å samle gjengen rundt eit felles prosjekt: informasjon om planane for “Per Bolstad plass” (Som også i følge sju av svara på quiz-spørsmål 9 er namnet på komponisten av Fagre Stryn).

Andre runde gjekk sin gang, Formannjen hadde fått sving på googlinga under bordet og gjekk opp i ledelsen. Etter ein reglementær røyke-/tissepause observerte quizmaster Tonning eit einsamt svarark på det nordaustre bordhjørnet, dei som sat nærast kunne opplyse om at Otredalen hadde forlatt lokalet i protest etter kontroversen om korvidt Arnesen også kan stavast “Andersen”.

I byrjinga på runde nummer tre viste arrangørane sitt demokratiske sinnelag og tok til følge protesten om gneting med poeng for å kunne medlemmene i Husbandet på rams. Potten på spørsmål 21 steig frå ett (1) til tjue (20) poeng med eit pennestrøk av overdommar Næss. Her hadde forbausande mange fullt hus.

Verre vart det i fjerde og siste runde, Husbandets tribute til Arve Aaning. Greit nok, dei fleste hadde fortsatt like god kontroll på kven som sang “Touch me” som dei hadde den gongen då dei slåst med ålen på guterommet (sjølv om enkelte klarte å lure ein brått fjortisusikker jury til å tru at 34D er det samme som DD). Namn på Spice Girls trilla og leikande lett fram frå småklamme hender. Det var rimelig tett i toppen før den store lytteprøva skilte gutar frå menn. Den eine delen av langbordet lot seg endåtil rive med i taktfast synging av “Bjørn-Af-ze-li-us! Bjørn-Af-ze-li-us!”, heilt på høgde med Nedstryn Bondekvinnelag sin jentetur til Oslo Spektrum i 1986, då “noken” hadde smugla inn to flasker Baileys i veska.

Uansett, dei som utmerka seg med best gehør var Svein Arne Hagen, Jan Tore Hagen og Jan Tore Sunde. Finalen besto i “grip mikrofonen”. Lensmannjen viste her at han innehar ein sjelden kombinasjon av suveren kontroll på julesongar og solide spurteigenskapar. Han tok dermed ein overlegen seier framfor Hagen X 2.

Gratulerer til vinnar Jan Tore Sunde! Overskotet frå arrangementet vart delvis kanalisert inn i premiar til vinnarane medan resten vart putta på Bolstad-tønna (det var i alle fall det Næss sa han skulle gjere før han forsvann).

Kokke-Olav, Konsulen og Silde-Iver



Stolt sponsor for SPPC:




 
Stryn Ping Pong Club
 * 27 betalande
 * 13 ikkje betalande
 * 1 æresmedlem
 * Er IKKJE medlem av Norges 
   Bordtennisforbund eller
   andre forbund
 
Gudfaren 


På årsmøtet i desember 201
vart Åge Rustøen valt til ny

toppsjæf i SPPC. 

Han avløyser Kåre Tonning
(Konsulen 2010 - 2015)
og Arve Aaning
(Formannjen 2004 - 2010).