Referat FF Desember 2018
Det er på det mest audmjuke at vi leverer referatet så altfor seint i denne tunge tida vi er inne i. Årsaka er rett og slett at vi har brukt mykje tid på å handsame dei klagene som er komne inn etter gjennomførte konkurransar på FF desember. Vi har gått gjennom alle påstandar om juks særs nøye. Etter 21 dagars arbeid har vi konkludert med at det ikkje har gått føre seg noko kritikkverdig frå verken deltakarar eller arrangør, og kan no endeleg kome med referat.

Det var om lag 40 personar som fann vegen til skisenteret denne flotte kvelden i desember. Dette var noko færre enn det som var påmeldt, og dette bør vi tenkje på ved neste arrangement som krev påmelding. 

Før arrangementet kom skikkeleg i gang kom Rob Roy med årets gran. Det må seiast at denne grana er den gildaste vi har hatt i cluben si historie. Det einaste negative som kan nemnast er at den var teken frå eigen grunn, og at vi såleis ikkje risikerer bitter nabostrid. Vi vonar at den neste desembergrana vert teken frå annan mann sin grunn. 

Etter kvart som deltakarane møtte fram vart dei delt inn i grupper, og juletrepynting stod for tur. Dette var ikkje med i konkurransen, men snarare ein aktivitet for å skape trivsel og hygge. Dei flotte julekorta som vart skrivne skal vi ha mykje glede av ved eit seinare høve. Før vi tok til med dei poenggjevande konkurransane vart det presisert at alle er ansvarlege for seg sjølv, og ikkje minst ansvarlege for å høyre etter dei instruksane som gjeld for konkurransen. Dette fekk kanskje fatale følgjer mot slutten av kvelden.

Så var det tid for den hemmelege nissen. Det skulle vise seg å vere ei hard nøtt. Den som var lengst i frå var Asle M som leverte inn 5 forskjellige lappar utan å vere i nærleiken av rett svar. Maskenissen vart presentert først så han kunne vere med i Kahooten(Utan at dette fekk nokon konsekvensar for dei andre som deltok). 

Maskenissen fekk hygge seg i baren medan Kahooten med namnet «Er du smartare enn ein 5.klassing» gjekk føre seg på skjermen. Heile 35 av dei frammøtte greidde å delta. Dette er slett ikkje verst. Erfaringsmessig er FF desember ofte dominert av møteplagarar, og arrangørane beklagar at vi måtte vere særs strenge under gjennomføringa av programmet. Det er sjølvsagt ikkje noko vi ynskjer, men noko vi må vere. 

Etter at hovudkonkurransen var avslutta gjekk turen ein etasje ned der det venta julebuffet. Då maskenissen lot maska falle, vart det stormande jubel, og i ei stakka stund var alle tankar om finale skubba til side av glede og tårevåte auge. Det skal seiast at det var deilig å ha Dyrlegen heime att. Middagen smakte fortreffeleg, og dei gode samtalene rundt borda var enno meir fortreffelege.

Det var tid for finale, og dei ti beste frå Kahooten vart kalla fram til dyst. Utruleg nok dukka alle opp, og instruksane for konkurransen vart gjevne. Jørn Peder gambla på at alle skulle svare feil, og leverte svaret utan å granske oppgåva. Dei ni andre tok turen opp i annen etage for å sjekke oppgåva nærare. Det skulle vise seg at dei kom tilbake ein etter ein, med teljefeil eller feil prioritert reknestykke. Solumen skjøna at det var ein grevling i tapeten, men då hadde han allereie fylt ut oppgåva. I følgje det klinkande klare regelverket vart det difor Gjørn P.S. som stod igjen som sigerherre. Han var veldig glad, då han kunne ta imot diplom, heder og ære.

Vi takkar for at vi fekk høve til å arrangere FF desember, og ber nok ein gong om orsaking for at vi var så strenge. Vi vonar at dei som følte seg urettvist handsama får utløp for kjenslene sine på årsmøtet 5.juledag. Arrangørar for FF januar er allereie i boks, så sjå etter invitasjon når denne vert publisert.

Stolt sponsor for SPPC:




 
Stryn Ping Pong Club
 * 27 betalande
 * 13 ikkje betalande
 * 1 æresmedlem
 * Er IKKJE medlem av Norges 
   Bordtennisforbund eller
   andre forbund
 
Gudfaren 


På årsmøtet i desember 201
vart Åge Rustøen valt til ny

toppsjæf i SPPC. 

Han avløyser Kåre Tonning
(Konsulen 2010 - 2015)
og Arve Aaning
(Formannjen 2004 - 2010).