Referat FF Januar 2019
24 stk fann vegen til Restaurant 76 på årets første FF. God stemning frå første stund, og presis kl. 20 ønskte kardinal Flo velkommen.  Første post på programmet var velvalgte ord frå Gudfaren. Kanskje har vi sett årsmøtet i noverande form for siste gong. Gjennomføring av årsmøte blir tema på det ekstraordinære årsmøtet seinare i månaden. 

Arrangøren la vekt på team building og kameratskap på FF-januar, og første konkurranse var lag-quiz. 20 spørsmål relatert til bil. To grupper skrapa i hop 10 poeng. 

Neste konkurranse var pilkast. Først ein ordinær runde med tre piler før runde to der ein skulle kome nærmast muleg sin første poengsum. Nokre gjorde det bra, som til dømes Robin, Hans Olav og Inge Vik. Andre igjen havna kraftig på minussida. 

I tredje konkurranse var det om å gjere å tippe rett pris på ein leikebil som kardinal Flo hadde kjøpt på ein av Stryn sine butikkar. Bilen vart sendt rundt i lokalet til Restaurant 83, og ping pongarane gjetta på prisen etter kvart. Arve F var nærast prisen som var 169,90 kr. Han tippa 169 kr. 

Solo-Solum summerte poeng etter eit system som var spesialutvikla til FF-januar. Medan han gjorde seg ferdig gjekk lovmann Bø gjennom Bezzerwizzer 2018. Fem mann hadde sanka 5 poeng, deriblant ein anonym. Thaule hadde derimot tippa 6 rette svar og kunne stolt motta premie frå ein endå stoltare lovmann. Etterpå var det tid for å tippe kva som vil skje i 2019.

Finale: Shuffleboard med finalistane Arve F, Hans Olav og Geir T. To steinar kvar (også Hans Olav), om å gjere å kome nærast kanten. Hans Olav heldt nervene i sjakk og stakk av med sigeren, den andre i ping pongkarriera. 

Arrangør FF-februar: Arve F og Even N. 

PS! Inge Vik må få nytt medlemskort då han har fått kortet til ein Ingebrigt Kyrkjeeide. 
Kardinal Flo, Solo-Solum og Tromme-Thaule


Stolt sponsor for SPPC:




 
Stryn Ping Pong Club
 * 27 betalande
 * 13 ikkje betalande
 * 1 æresmedlem
 * Er IKKJE medlem av Norges 
   Bordtennisforbund eller
   andre forbund
 
Gudfaren 


På årsmøtet i desember 201
vart Åge Rustøen valt til ny

toppsjæf i SPPC. 

Han avløyser Kåre Tonning
(Konsulen 2010 - 2015)
og Arve Aaning
(Formannjen 2004 - 2010).