Referat FF Mai 2019
I tillegg til arr. komiteen, dukka der opp 20 stk. glade pingpongarar i grua på denne kalde Maidagen. Det vart fyrt i alt av ovnar og gruer, for å holde innetemperaturen behageleg for gjestene.

Folk begynte å kome in døra alleriede kl 19.00, og første mann på plass var sjølvsagt Formannjen, mannen som alltid seier kanskje, men alltid dukkar opp. 

Etter litt mingling, prating, skitpreik og musikk, fekk Vaktsjefen i oppgåve om å be folke holde kjeft. Stilt vart det og klokka var 20.14 då vi sette i gong med formalitetane.

Etter å ha ønskt velkomne, fekk vi presentert ein ny Pingpongar! Kjell Holen, frå no av kalla «Alkoholen». Han hugsa ikkje nøyaktige tal på alt han vart spurt om, men han jobba på ein båt, og framsto som ein særs triveleg fyr! Velkomen i Cluben!!

Etter formalitetane vart forsamlinga delt in i 4 grupper på 5 personar, og det var klart for quizz. Spørsmåla var nok av det litt vanskelege slaget, men lag nr. 4 beståande av Alkoholen, Vaktsjefen, AsfaltHagen og kapellmester Svidal, gjekk av med sigeren med heile 5 poeng. Det vart litt diskusjonar sjølvsag. Krossen hadde sterke meiningar ang. opphevinga av forbodet mot rullebrett, men måtte berre gje seg. Det skein tydeleg igjennom at han meiner rullebrett fortsatt er ein styggedom.

Etter litt meir fludium, diskusjonar, fyring i grue og latter, var det klar for «Fjøyr i spann» Hennig Breidablikk frå arr. komiteen  forklarte litt om denne gamle sporten, som var heilt ny. Sporten står å lese om i den aller første Aalandsboka, og går ut på å få flest mogeleg fjøyrer opp i ei melkespann. Kvar deltakar få 10 fjøyrer, og frå ein avstand på 2 alen, skal ein kaste  fjøyrer opp i melkespannet.

Dette viste seg og ikkje være ein enkel sport, men Kapellmester Svidal, som har tydelegvis har lest si Aalandsbok tok eit sokalla klyngekast, og fekk heile 4 fjøyer opp i spann. Han gjekk dermed sigrande ut av denne runden.

Etter atter meir fyring, suping, skråling og latter, var det klar for finale. Dei tre med mest poeng og dermed finalistar var: Kegge, kapellmester Svidal og Asfalthagen. Finalen gjekk ut på å gå gå ei løype på stylter på idealtid. Løypa var asfaltert og Asfalthagen var derfor storfavoritt. Kapellmester Svidal sleit med en gammal skade etter ei trekkspelulykke og måtte derfor bruke Gudfaren som sin stand in. Idealtida var på 43,39 sek. Den som kom nærmast var kapellmester Svidal (altså Gudfaren) med 45,74 sek. 

Gratulere til kapellmester Svidal som vinnar av FF Mai 2019!!!!!

Etter finalen vart det meir sosialt i grua, før vi gjekk nedover og vart spreidd for alle vindar.

Arrangørane vil takke alle oppmøtte for ein veldig koselig kveld! Å arrangere FF er ei særs triveleg og takksam oppgåve, takk.

Vyrdsamt
Stryn Dampmaskinforeining
Henning Breidablikk og Hans Olav Bøe

Stolt sponsor for SPPC:




 
Stryn Ping Pong Club
 * 27 betalande
 * 13 ikkje betalande
 * 1 æresmedlem
 * Er IKKJE medlem av Norges 
   Bordtennisforbund eller
   andre forbund
 
Gudfaren 


På årsmøtet i desember 201
vart Åge Rustøen valt til ny

toppsjæf i SPPC. 

Han avløyser Kåre Tonning
(Konsulen 2010 - 2015)
og Arve Aaning
(Formannjen 2004 - 2010).