Referat Desember 2020
Julebord.
Kveldens ivrigaste var Mindaugas. Han møtte opp skikkeleg øltørste kl 1923. Rett før klokka åtte var alle påmelde komne på plass, og då var det berre å starte første konkurranse som var den tradisjonelle juleverkstaden.

Deltakarane var ivrige, og enkelte synte at dette hadde dei gjort før. Dei fleste gruppene leverte flotte julelenkjer, flettakorger og juletrestjerner, og tre av gruppene hadde laga julekorger med 49 ruter. Allereie her byrja enkelte av deltakarane å hinte om ønskje om ekstra poeng og forsøk på bestikkelar fordi det var så lenge sidan dei hadde vunne noko. Samstundes hadde vi ein individuell konkurranse der det var om å gjere å tippe det nest høgaste talet mellom 0 og 1000. Her vart det gitt klare instruksjonar om at det var lite smart å tippe 1000, og derfor var det nesten like lite lurt å tippe 999, men likevel hadde vi ei heil gruppe som tippa 999. 

Klokka ni sette vi strek for juleverkstaden og byrja å dele ut poeng som fulle sjømenn, litt diskusjonar vart det, men det skal det no vere på ein skikkeleg FF. 

Klokka 2109: “Så hever vi, så senker vi”.

Klokka halv ti var det tid for mat. Tiago hadde laga ei riktig god juletallerken. Medan vi, arrangørane, sat og venta på maten vår, nytta Vonheimen tida på pyrotekniske effektar. Han synte oss kor flink han var til å tenne bål opp på bordet ved hjelp av ein serviett og eit telys. Spennande! Etter matøkta var det på tide å teste hovudet litt. Dei ulike gruppene fekk utdelt ein konvolutt med fire oppgåver i. Den eine oppgåva var individuell, og var eit bilete av CORONA-maskenissen. 

Det var berre to deltakarar som klarte å gjette at det var Oksen som gøymde seg bak nissse maska. Dei tre andre oppgåvene var gruppeoppgåver. Klokka elleve var det på tide med poengopptelling, og Postmannjen skisserte både grafar og algoritmar for resten av arrangementskomiteen. Vi nikka og smilte og brått hadde vi tre ping-pongarar i finalen.

Finale: Alkoholen, mr Bøe og Mathias.
- Oppgåve: skrive eit nydeleg juledikt som skulle innehalde orda: aquavit, nisse, ribbe og Jesus.
- Vurdering: lydstyrken på applausen målt ved hjelp av desibel-målar.
- Vinnar: Kveldens desidert beste deltakar: Mathias Hool

Arrangementskomiteen ønskjer å takke alle deltakarane for ein flott kveld og for at dei i særs stor grad høyrde etter og følgde COVID-19 – reglementet.

Mvh
Postmannjen, Konsulen og JT.