Referat FF Februar 2021
På akebrett frå Hoven.
Kl 17.30 stod 21 ivrige ping-pongarar med akebrett og sekk utanfor Loen Skylift. Etter 10 minutter lasting, var Gondolen på veg mot Hoven (1011 m.o.h.) På vegen opp vart det gitt ein del god informasjon, som kunne bli nyttig seinare på kvelden.

Etter ei pils og nytelse av solnedgongen på toppen, var alle klare til å teste akebretta. Etter ca. 1 kilometer var det klart for fartsetappe. Her var det forholdsvis jenvt. Dei aller fleste vart klokka inn på mellom 40 og 48 sekunder. Det vart likevel 4 stk som utmerka seg og var nede på 30 tallet. Raskest av alle var Jan-Tore Hagen. Jumbotid fikk den andre Hagen. Dagens fall (ned i ei djup hole) fekk Røkke. Han har forøvrig brukt opp flaksen dette året. Men sekken tok av for fallet og alt gjekk bra. Gudfaren hadde og fått finaleplass, om han ikkje var arrangør.

Neste etappe var frikøyring ned til bålplassen. Her var det bålkos og hygge. Mykje gode spekepølser og historier. To nye fekk og presentere seg. Ein engelskmann i Olden og ein russar frå Hornindal.

Finalistane var Jan-Tore, Roger Postmann, Ståle og Mindaugas. Jan-Tore starta med 1 poeng i leiing for raskest tid. Etter 7 spørsmål var det likt mellom Jan-Tore og Mindaugas. Utslagsfrågan var kor mange passasjerar Skyliften hadde i juli 2020. Her kom Jan-Tore nærast med 47000 og vann dermed FF Februar 2020. Svaret var forøvrig 56000.

Stor takk til Poppe for dyktig sjåførteneste.

Neste arrangør er enten Breidablik IL eller Brunsprit-gutta.

Konsulen & Gudfaren.