Referat FF Juni 2020
Rally
Etter 6-7 år med endeleaus venting var det endeleg klart for rally igjen. Den gang var det rundt 20 pingpongarar som fekk testa rallyferdigheitene sine, no vart det rundt 40 stk. Etter ei ganske aggressiv påmelding der alle var så livredde for at dei ikkje fekk vere med at enkelte som melde seg på visste knapt om dei var bygda eller om kjærringa hadde bursdag.

Uansett!! Klokka ca. 19.15 kom rallygutta til grustaket med Poppe-bussen. Der hadde arrangøren laga rallyløype. I tillegg måtte karane gjennom ein kviss og køyre presisjon.
Like spente som når Kokke-Olav hadde sexdebuten sin stod dei på rekke og rad. Edruelege, men innbitte. Det er noko med rally! Det skjer noko med ein mannekropp når ein skal delta i rally. Det kan nærast samanliknast med å lande på månen !! Tenk om kontorgutta eller ein akademiker vinne…stakkars yrkessjåførane då ja. Det er klart at rally har noko med urinstinktet å gjere.

Keinen stilte seg opp ved startstreken og sa klar – ferdig – gå. Rikeleg med turtal og flat pedal for dei fleste. Nokre heldt likevel på å kjøve motoren i starten av rein nervøsitet. Andre hadde så mykje adrenalin at bilen stod i dønn i ro og berre spann i fleire sekund. Satan i gatan kor mykje støv det vart, men du verden for nokre løp vi vart vitne til. Vi hugsar jaffal Even Nesje som hadde samanhengande sladd frå vi såg bilen til han runda oljefatet. Vonheimen braut omtrent lydmuren før han drog i handbrekket og stakkars Kran-Espen… som kjøvde bilen på den mest pinlege plassen….

Bilane heldt koken og tannkjøtet til sjåførane steig i takt med kjølevæska. Her ofra ein helsa for ein pallplass. Det e bannja bein!! Oppmodar sppc om å sjekke vedlegga. Der ligg 
rally-tidene + ei slags oppsummering der arrangørane samla poenga som deltakarane hadde gjennom dei tre øvingane.

Vi oppsummerer kort og enkelt at vinnar vart Andreas Lunde som hadde beste køyretid og fjerde beste tid på presisjon. Tett fulgt av Mathias Hool som med beste presisjonstid og 3. plass i rallyen. NB: Arrangøren vekta rally høgare enn både presisjon og kviss.

Sabla moro var det og når køyringa var over fekk gutta endeleg drikke øl og då kvitte seg med nokre kilo sand i kjeften. Så bussa Poppe oss inn til Isehaug der arrangøren fleska til med pizza til heile hurven.

Ditta var spikeren i kista for corona-tida. Ditta var smaken på det gode livet igjen. Endeleg fekk menn vere menn J

Takk for oss, helsing Keinen, Gudfaren og Formannjen.