Referat Januar 2021
Tradisjonelt januararrangement.
12 staute pingpongarar møtte til årets første FF, som også markerte 10-årsjubileet for arrangørane når det gjeld gjennomføring av årets første FF. I 2011 var vi i kantina på Vest, denne gong møttest vi i klubblokala. 

Frammøtte: Gudfaren, dyrlegen, postmannen, formannjen, Jørn P, Are Gald, Ståle, JT Hagen, SA Hagen, M. Hool, Keinen, Jan F + arrangør. 

Som vanleg var det først registrering med framvising av førarkort, noko som sjølvsagt gav poeng. Dei som hadde sjåførkort fekk bonuspoeng. Dei frammøtte fekk også eit spørsmål frå Fjordingen sin julequiz som kunne gje endå fleire bonuspoeng. Gudfaren var for øvrig den einaste som betalte kontant. Jan Tore Hagen hadde også uvanleg mykje kontantar med seg. 

Alle deltakarane vart spurt om å dra fram alle korta dei hadde med. Dette gav ytterlegare bonuspoeng. Her imponerte M. Hool med både bonuskort frå SAS og Ryan Air samt eit bibliotekkort, men Ståle hadde flest kort, mellom anna frå sushirestaurant og yogatime i Praha. Heile 14 plastkort hadde Ståle, noko som gav tilsvarande ekstrapoeng. 

Praten gjekk rundt koronabordet, og stemninga steig, ja den vart til og med spent, før første konkurranse. 

Kardinalen hadde børsta støv av fjorårets bilquiz, og sjølv om mellom anna Jan Tore Hagen gjennomskua det så visste han ikkje meir enn i fjor for det. 

Etter retting i plenum låg Jørn P sist, men med strålande innsats i påfølgande pilkastrunde var han brått innblanda i tetstriden. Postmannen trefte bulls eye, og tok ei suveren leiing. 

Ein bilquiz nr.2 stod for tur etter ein felles røykepause, også denne quizen henta frå arkivet til kardinalen. Her var det doble poeng å hente utan at det gav særlege utslag. 

Neste post på programmet var pilkast med «hi handa». Gudfaren fekk tullfliren, og kanskje var det akkurat det han trengde, for jaggu trefte ikkje eine pila bulls eye! Med det sikra han finaleplassen framfor dyrlegen og M. Hool. Postmannen var allereie finaleklar, men avslutta med stil og vann innleiande rundar suverent. 

I finalen stod ein runde curling for tur. Gudfaren hadde fordel av siste stein og sikra sigeren etter ein real thriller.

Arrangøren rydda lokalet, og vi får tru at mange kom seg på puben før klokka slo 22. 

Neste arrangør er uvisst.....

Vi takkar for ein flott kveld i god FF-ånd!
Kardinal Flo og Tromme-Thaule