Utdeling av gåvemidlar
SPPC har delt ut gåvemidlar for 2020.
Tradisjonen tru har vi og i år delt ut gåvemidlar. Overskot frå Oktoberfesten og basaren til Stryn Ping Pong Club har sidan 2014 blitt lag og organisasjonar i lokalmiljøet til gode.

Ikkje alle kan få, men vi har gjort vårt beste for å fordele dei tilgjengelege midlane på gode tiltak.

Desse fekk av gåvemidlane frå SPPC i 2020
Stryn Turn – 17.500 kr til turnutstyr i den nye hallen
Olden IL – 15.000 kr til utstyr til treningsrom
Indre Nordfjord Turlag 15.000 kr – randonee-utstyr
Hydlaparken – 15.000 kr til m.a. gapahuk
Bergsida Grendalag – 10.000 kr til leikeplass
Blakset Hornmusikk – 10.000 til nye instrument
Oppstryn IL – 10.000 kr til spensthekkar
Stryn Frivilligsentral – 10.000 kr til aktivitetsklubben
Foreldregruppa Loen barnehage og skule – 10.000 kr til Trollhaugen Friluftsområde
Varden 4H, Fjelli – 5.000 kr til jerven-dukar/hengekøye
Fjellrosa 4H, Randabygda/Hopland – 5.000 kr (ny kjølar/kakedisk)
Indre Nordfjord fjordhestlag – 4.000 kr til sikkerheitsutstyr
Stryn og Hornindal Jeger- og sportsfiskarlag – 3.500 til leirduekastar