Referat FF April 2022
Aking på Hoven.
Ein flott gjeng møtte opp på Hoven. Der vart det mogeleg å nyte ei øl eller tre før konkurransane byrja.

Medan ein sat rundt bordet vart det høve å teste hukommelsen.

Deltakarane skulle pugge eit visst antal desimalar av pi. Dette kom til nytte seinare, nærmare bestemt i semifinalen.

Første øving: Lagøving, Byggje den høgaste snøkonstruksjonen.

Her var det mange kreative forsøk, men reglane var stort sett klare. Konstruksjonen skulle målast frå bakken der konstruksjonen skulle byggast. Even Flo tok ansvaret for si gruppe, og lagde ein konstruksjon som målte over 270cm.

Etter øving 1 vart det på tide å sjekke ut Noregs lengste akebakke. På slutten av den første strekka hadde vi ei lita øl-pause, og fekk laga til starten av fartsetappen. Dei fleste satte utfor med livet som innsats, men det var ingen som klarte å matche tida til Paul Øyvind Glosvik. (Det må vel seiast at JT plasserte seg fin-fint med nest beste tid, medan Åge hadde fjerde beste tid.)

Litt lengre ned i bakken vart det bålkos og semi-finale. Semifinalistane kjempa seg gjennom ein lokal-quiz der spørsmåla handla om indre Nordfjord, Loen Skylift og SPPC, og dei som trekkte dei lengste stråa var Mindaugas, Paul Øyvind og GT.

Finalen var enkel: Førstemann ned til Oppheim. GT vann foran Paul Øyvind. Mindaugas køyrde utan lys, og hamna eit stykke bak. Vel nede på Oppheim vart det skyss til Stryn og Restaurant 24. Ein triveleg FF der fokuset var leik og moro.

Vinnar FF-april 2022: GT

Ny deltakar: Finnmarkingen

Mvh
-Konsulen, Gudfaren & Ironman