Referat FF April 2024
Lått & løje i Amster.
Vel blåst kara. Då har vi landa etter ei veke med høg puls, jet leg og dårleg hukommelse, no har kvardagen henta oss inn igjen og det er på tide med referat frå april FF (reknar med nokre treng ei oppfrisking)

Etter heftige diskusjonar, kontraktskriving med eigar og innbetaling av depositum, hadde vi booka stampub like ved hotell inngangen og oppmøte tidspunkt for clubbens 1040 FF. Tenk det 20 år med samanhengande FF det står det jaggu respekt av. Det var ein fest stemt gjeng som sto på døra til: La Colina, Argentinian resurant, klokka 10.00 Stakkaren i baren som måtte møte på jobb to timar før opningstid for å tøsteslukke ein gjeng Ping Pongerar på 41 stk fekk å gjere på, til tider rauk det både av tappetårn og under hatten på vedkommande. Ein times tid med «oppvarming» før konkuranse start med god stemning og godt såd. Klokka 11 vart det ynskt velkomne og informert om vegen vidare denne jubeldagen.

Før første oppgåve kunne en av clubbens medlemmar gje ei utfyllande og innlevande historie frå ei av Amsterdams gater natta i før vegen.

Første oppgåve var individuell og bestod av 15 spørsmål med bokstav alternativ. Desse skulle så stokkast om til eit ord på altså 15 bokstavar. Det vart gjett eit hint: Solum. Dei ti første oppgåvene var henta frå vedtektene og adelskalendaren til ping pong clubben, dei siste fem frå Amsterdam. Dei fem første som klarte å stokke rett, og sende svaret til meg på tlf gjekk vidare til semi seinare på dag. Rett svar var altså Adelskalendaren som Solum har ført i snart en mannsalder, godt jobba. Ole jakob var den første som knekte koden å då rann svara på ifølgande rekkefølge: OJ, Jan Tore. Jan Egil, Cato, Pitti. (Kan ha noke med bordsete å gjere)

No var klokka blitt12.00 og La Colina som hadde vore i drift i 45år med dagens eigar hadde sett omsettnings rekord, eg fekk igjen depositum og alle var i godt humør. Mellom 70 og 80 liter øl og uvisst antal rum og cola kunne innehavaren le heile veien til banken, og ping pong clubben tilegna seg nok en ny rekord.

Neste post på programmet var båttur i byens kanalar, og då selvfølgeleg med fri bar om bord. Her må vi alle gje Bingogeneral Anker Hansen ein stor applaus. På rekordtid dagen i forvegen under bingoen på veg til Vigra behandla han søknaden frå arrangørane, å øyremerkte 4500kr av innkommen kapital til FF, Dette gjorde at vi saman med egenandel kunne forsvare å ta båt med bar, han leda oss med stødig hand så vi var med båten på sekundet, gud var med oss å vi gjekk alle i nåde eller kor det no var. Dette var en kulturell opplevelse av dei sjeldne, sjølv om vi vel ikkje nådde samme liter tal som på vorspielet trur eg ingen gjekk tørste der i frå. Arrangørane skjønte tidleg at skulle vi huske finalen måtte vi ta den når vi gjekk i land. Her glimra Jan Tore med sitt fråvær, så Rune Førde vart stand inn. Trur heller ikkje Pitti var tilstades så i sympati med kor fortvila Solum var over å ikkje hadde klart løysingsordet vart han lucky looser. Her måtte ting skje fort så semi var at alle skulle seie et tal mellom 0-50 høgaste og lavaste rauk ut. Her tok for sikkerheits skuld Førde å tippa 50, OJ 27 og dei andre imellom. No var flokken begynt å bli urolege å kunne knapt vente på resten av dagen som bestd i fri leik.

Finaleoppgåva var god gammaldags papirspå, der den med høgast tal vart vinner. Her fekk endeleg Jan Egil igjen for utallige timar på alle verdens casinoer å kunne endeleg innkasere jackpot. Sjelden har vi vel sett større glede over ein FF seier. Her var det ekte glede, kanskje gjekk tankane tilbake til ein fredagskveld på Scala, 20 år tilbake i tid der grunnlaget for SPPC vart lagt, og nettopp Jan Egil var arrangør. Foreslår at vi alle skjenkar han ein god tanke å tar han med i aftensbøna. Det kunne vel ikkje ha vore bedre regisert om vi hadde leigt inn all verdens regisører for at det skulle klaffe så bra. Men det var berre Gudfaren og Hooden som hadde fått velsignelse frå vår herre via Anker Hansen.

No var dei fleste over alle haugar, og måtte ta ansvar for seg sjølve, Takk for dansen.

Helsing Gudfaren og Hooden

Neste FF blir iforbindelse med den o store fest på Per Bolstad plass

PS: her er en del som ikkje har vippsa for FF, for å unngå offentleg gapestokk, torpedo på døra med påfølgande knuste kneskåler, ut trekkte neglar o.l gjer vel å gå inn på vippsen di å sjekk om DU har vippsa 150kr til 90796026 fredag 5 april. ( pr no er vi dundrande i minus) eg vel å misstenke den dårlege dekninga blant Amsterdamms mur hus

PS 2: Godt initiativ med alternativ FF på clubbhuset i Stryn, dokke hadde det sikkert like artig som vi.