Referat FF April 2025
Quiz, lått og løje i Innvik.
Arrangører:
Bjørnar Sæten, Even Inge Nesje.
Transport til Filmdigitalisering med Steinar Hilde, oppmøte med clubhuset frå 1830, bussen gikk frå Stryn ca 1850.
Nesje holdt eit foredrag om fylkesvegar, fylkeskommunale tunnelar i Vestland og fylkeskommunale bjørkar i Olden og konsekvensar med å utfordre kongen til kamp på Fimreite år 1184.
Nokso kjedelig foredrag og ingen info festa seg nemneverdig hjå deltakarane.
Vi var 10 stk. på bussen inkludert sjåfør, so det var nokso romsleg, minibussen som vi tenkte å ta , var sett på pkk og kunne ikkje brukast likevel.
Vel framme i Innvik møtte det 4 stk med eigen bil, so då var vi 14 stk totalt, Svein O.N. Arve Aaning, Torstein B og faren Gunnar B (87), dagens eldste, men meget sprek pingponger.
1.utfordringa starta når Formannjen ringde og skulle ha vegbeskrivelse, til vesnstre i Sydneskrysset og til venstre ved kyrkja var meldinga noko som resulterte i kontant og overbevisande motsvar frå formannjen at der er no faen ikkje kyrkje i Innvik, den står no i Utvik. Sidan eg stod like ved kyrkja måtte eg prøve å vere diplomatisk overbevisande, men han ga seg når han såg kyrkja og bra var no det.
1. Etter 3 runder med tautrekking der tapande laget kunne bytte ut 1 og neste det samme utan å bytte samme personane sat vi igjen med 6 vinnara som fikk kvar sine 2 poeng.
2. Elles bestod runden i omvisning i studiet der lite av infoen festa seg , grunnen til det var nok av overveldinga av oppleving av kva denne låven inneheld av lyd og bilde historie, frå det tidlegaste manuelle apparat - analog tidsalder og til den nyaste digitale tidsalder. Folk i vår alder kjem ut døra litt våte i augekrokane.
3. Vidare var det Quiz, kun 5 enkle spørsmål.
4. Presisjonskasting.
5. Avstandsbedømming.
Gudfaren raska til seg 8p og vann eit gavekort på Isehåjen.
Geir Tonning rett bak med 6p.
Delt 3. plass Robin Hood og Formannjen 5p.
So vart det servert betasuppe med rundstykker, medbrakt frå Matstova AS, sidan ingen i Innvik laga mat etter kl. 1700 på fredagar.
Deretter vart det tur på den lokale cafeèn/pubèn der prisar på drikke var fastsatt på førehand. Der vart vi mottekne som heltar og fikk rosande taler av fleire av lokale eldsjeler, slikt varmar å høyre på.
Retur om lag kl. 2400 via Sæten til Stryn, Bjørnar har som sagt forbud mot å gå heim frå fest, maks frå Sætabrua og opp i tunet.
Mh
Even N & Bjørnar S.