Referat FF Desember 2023
Jolebord
38 pingpongere møttest på Skisenteret for å pynte litt til jul og ete god mat ilag. Litt brumming frå Kainen som måtte sitte med ryggen til resten, men et lite bord så var det ordna. Utrulig kor lite som skal til for å få han fornøgde 

Julenissen dukka sjølvsagt opp nokre minutter før kl 20 og tok seg ei lita runde i Lokalet. Kvart lag fekk stille 2spørsmål kvar, og Nissen nikka og rista på haudet etter beste evne. 

Lag 5 hadde følgt godt med på svara til Julenissen på sørsmåla som dei foregåande laga stilte og kom med et par «spot on» spørsmål. Mistanken om at Julenissen var frå Sunnfjord vart bekrefta, litt meir tilbakeholden om kva bil han har, er vel ikkje rart. Rudolf og sleden kan vel ikkje forvekslast med en Land Rover  

Laga var godt igang med å lage lenker, og fleire kom på at korg og hjerte kunne gje bonuspoeng. Vi fekk og Stjerne i toppen av treet. Tusen takk til Endre for treet. (Litt usikkert kva for en av naboane som mangler ett)

3 av 6 lag klarte å tippe Julenissen. 2 lag var veldig nær, og tippa Arild Vie. Var sikkert høg krakk nissen sat på  

Mulig det hadde med at en var bort og spurde kven han kompisen til Simon Vie heiter. Arrangøren svarte: «Simon Vie, hmm, kan det være Arild Vie, han som sette opp telt?» Men at 2 lag tippa Arild Vie var litt tilfeldig. 

Ut av nissedrakta kom Arne Ivar Øvrebø! 

Ganske heit i haudet etter å ha fått av drakta, boblejakka og maska. 

Då var det klart for mat. 

Smak hadde diska opp med julemat og det var god stemning rundt matbordet.

Etter maten var det klart for å måle lenkelengde. En representant frå kvart lag fek fortelle kor dei hadde tenkt lenka skulle henge og arrangørane henge lenka opp etter beste evne. 

Kun ei lenke rakk i golvet, og det var lag 6, som då låg dårleg ann sjølv om dei tippa rett på Nissen. 

Dei andre hadde frå 16 til 8 ned til golvet og gruppe 3 gjekk av med seieren her. 

Det vart også delt ut bonuspoeng som forventa for korger og stjerner osv. 

Det var likevel tett i toppen så både Julegensera og vipps( bestikkelsa) måtte til for å skille dei beste. 

Målet om å vippe Solum ned av trona og talde med når Hagen vart ropt opp som finalist. Den andre var Torstein som vart frårøva finalen i ff-november. 

No var det nøtteknekking! 

10nøtter kvar, og 2 i reserve om det skulle gå gale. Arrangørane ville ha 10 uskada hasselnøttkjerner. 
Den som leverte best var Jan Tore Hagen, og er dermed vinner av ff-desember.

Etter litt opprydding og et par øl/drammer gjekk en gjeng videre på Hydlastova og haurde på Holko og Hauge, men Kathe som gjesteartist. 

Arrangør ff-januar: Kardinalen, Tromme-Taule og Solo-Solum 

David og Gudfaren.