Referat FF Desember 2025
Jolebord!
Vi var 35 deltakarar på FF desember, alle påmeldt ei veke før slik at Peter på Glør fekk forberedt maten. Då arrangørane og maskenissen kom sånn omtrent 10på6 stod det allerede fleire utanfor og supa. Etter ein lett avledningsmanøver fekk vi smugla inn maskenissen usett. Baren åpna kl. 6, og det vart tidleg bra med folk.

Konkurransestart kl. 7 med 5 bord der navnet på deltakarane på kvar gruppe stod. Maskenissen. Etter 3 spørsmålsrunder var det ingen som skjønte bæret om kven maskenissen var. Maskorama og maskefall, og der stod Trond Vikestad. Ålesunder, spanjol, og ivrig oktoberfester i Stryn. 0 poeng til absolutt alle laga, sjølv om dei kunne skrive opp 3 alternative navn på nissen.

Deretter vart det juleverkstad med dei same 5 laga. Aldri gjennom 21 år har vi sett så høgt nivå på juleverkstaden. Lenkene var rett nok av vanlig (litt under middels) kvalitet. Julekurvane derimot … Vi fekk både den største kurven som nokongong har blitt lagd, og den var sabla flott. Vi fikk også den minste kurven som nokongong er lagd, og det var av mannen med dei største nevane Bent Sigurd. Poeng 100 til beste lag, deretter 80-60-40-20.

Tid for mat. Arrangør og medlem 071 gikk då og la seg og søv ein times tid. Vi andre åt og drakk.

Individuelle konkurransar. Medlem 071 vart vekt opp sidan han skulle ha konkurransen pingpongballgjennomrøretogslånedhammar. Kjell Magne traff begge ballane og fekk 100 poeng. Fleire traff 1 ball og fekk 50. Resten bomma. I dart fekk Jan Egil 121 poeng og kasta ikkje meire. Fleire tok ei ekstrarunde i dart for å prøve å få meire poeng. Mange av dei fekk mindre. (vi brukte sjølvsagt lågaste sum den enkelte kasta)

I finalen endte vi opp med Cato og Ole Morten. Bind for augene, og konkurransen TPN. Cato vant.

Baren skjenkte til kl. 2, og den tida utnytta mange fullt ut. Sistemann reiste kl. 3.

MBP; Marius

Takk for oss

008, 023, 071