Referat FF Februar 2023
Kortspel.
24 (+arr) Sppc’ere møtte på klubbhuset.  Kåre starta med en liten prat om det kommande årsmøtet. Blir sannsynligvis i månadsskifte feb/mars. 

Gjengen vart delt i 4 lag, og starta med kvar sitt spel. Vri 8’r, røkkjar, gruble og Alle tiders spill. 
Så bytta dei til alle hadde spelt alle spela. 

Det vart fort godbasarstemning og ikkje tvil i at konkurranseinstinktet var på plass. 

Etter at alle var ferdige, summerte Kåre opp resultatet. Peter P var best og gjekk rett til finale. 

Semifinalen blandt dei 5 på 2.plass, Mindaugas, Ståle,Henning, Trond og Hagen vart det «tipp talet nærmast 300, som du er åleine om» 
2 stk tippa 299 og dermed var det Mindaugas med 297 som gjekk til finalen.

I finalen vart det legobygging.

Finalistane, Peter og Mindaugas fekk beskjed om å velge en makker, før dei visste kva finalen gjekk utpå. 
Peter valgde Kainen og Mindaugas valgde JT Hagen.
Finalepara skulle sitte med ryggen til kvarandre og finalistane måtte forklare makkerane kva dei skulle bygge. 
Det var ikkje berre enkelt. For dei som bygde Lego når det stort sett var 4 farger på klossane var det no litt meir variert fargevalg. 
Utgangspunktet var best etter 10 min, men hovuddommer la til litt tid for at begge laga skulle få bygge så mykje at vi hadde noko å vurdere dei på. 
Det vart ganske likt, men Kainen hadde fått på ett par hjul på «bilen» som gjorde utslaget. 
Og dermed gjekk Peter Piel av med seieren
Gratulerer!

Mvh
Konsulen, Asle og Gudfaren