Referat FF Januar 2022
Digitalt arrangement.
Knirkefritt arrangement, godt planlagt og god kok i dei titals ping pong-heimar! 18 påmelde om vi reknar med Ståle i lastebil. Første oppgåve var som vanleg å vise fram førarkort. Dette greidde dei fleste, også Kalle fekk poeng her. 

Quiz var neste på programmet, hovudsakleg bilrelatert.  Jan-Tore, Rukas og Geir viste klasse her. 

Så var det bingo. Og for eit drama! Jan-Tore sikra seg einrekkaren, før Inge Vik drog i land torekkaren. Spenninga steig, og trerekkaren let vente på seg. Til slutt var det Kenneth som tok den og innkasserte bonuspoeng. 

Bildeoppgåve var neste. Dei tre som sende diverse bilde først fekk poeng. Her var det mykje moro å sjå.

Hans Olav, Jan-Tore, Rukas og Geir kvalifiserte seg til finalen. Spørsmålet var kor mange bilar Toyota Nordfjord og Førde selde i 2021. Her hadde finalistane undervurdert bilseljar Kim Rune Flo kraftig, ja nesten på grensa til å vere pinleg. Aldri undervurder ein floar! 
Jan-Tore tippa 750, Geir 415, Rukas 210 og Hans Olav 159. Rett svar var 1.556 bilar. Jan-Tore var nærast, og dermed vinnar av årets første FF! 

Premie var eit digitalt slengkyss frå Solumen. 

No har Benny funne katten, og arrangøren takkar for denne gong!

Solo-Solum, Kardinalen og Tromme-Thaule i Toyota head quarters