Referat FF Januar 2024
Kviss, bilbane, lått & løje i jubileumsåret.
Fantastisk stemning på årets første FF, i det som er jubileumsåret. 

Kardinal Flo, solo-Solum og tromme-Thaule stod som vanleg for FF-januar, og det for 14.gong på rad. Applausen runga i clublokalet. 

Som vanleg var FF-januar bilrelatert. Men først måtte sjølvsagt sertifikat og medlemskort framvisast, akkurat som på kontrollane ved Kjøs bru som mange av Clubens medlemmar kjenner godt til. 

Det vart også gitt poeng til dei som kom med tresko. 

Deretter var det quiz, som solo-Solum styrte med stålkontroll. Mayhem-stemning ved gjennomgang av fasit, akkurat slik arrangøren la opp til. Her var laget med Kåre, Kristian, Ole Jakob og Jan Tore Sunde best. Dei fekk også æra av å montere bilbana som skulle brukast seinare. 

Klokka 20.55 vart Kjell Erik køyrt heim for å hente sprit. Tilbake 21.04 med sprit. 

Presentasjon av nytt medlem. Otto Garlid fekk dei vanlege spørsmåla. Sjeldan har nokon nye fått så mykje applaus. Svara hans imponerte tydelegvis mange. 

Så var det klart for bilbana, spesialbestilt av kardinal Flo frå utlandet. Alle skulle køyre tre rundar, fullførte ein alle rundane vart det tre poeng. 

Dei 12 beste var no kvalifisert til semifinale 1. Head-to-head duellar med følgjande heat:
1. Ole Jakob - Jan Tore Hagen. Hagen vidare.
2. Kristian - Arve F, Kristian vidare
3. Kåre - Trond (som hadde eittårsjubileum som ping pongar), Kåre vidare
4. Kjell Erik - Benny, Benny vidare
5. Svein Arne Hagen - Sondre, Sondre vidare
6. Jan Tore Sunde - Robin Hood, Robin Hood vidare

Semifinale 2: ja/nei-spørsmål. Her var Robin Hood og lektor Jan Tore Hagen kvassast og kvalifiserte seg til finalen på dramatisk vis. 

Finale: Bilbane. Best av fem heat. For ei spenning! Første heat vann Robin, men lektor Hagen svarte i heat 2. Tredje heat vann Robin, før lektor Hagen nok ein gang svarte. Siste avgjerande heat var det Robin som var best, og dermed vinnar av FF-januar!

Premien, bilbana, donerte han til cluben. For ein mann!

Arrangør FF-februar: Breidablik IL. 
Kveldens blidaste: Hans Olav Bøe. 

Kardinal Flo, solo-Solum, tromme-Thaule