Konkurranser på R34.
16 pingpongere i tillegg til arrangørane møtte opp på R-34 til det som i all beskjedenheit, blir årets ff.
Arrangørane sette seg og noterte deltagerane etter kvart dei kom og det viste seg at det var smart og stå høgt på lista.
Smeden som stod øverst innkasserte her 17poeng, før nokon i det heile tenkte på at vi var igang. Kurt og Bård Olav som kom sist havna på 3 og 2.
Vi (Michael og Gudfaren) hadde fått seg en Capt Morgan som vi kosa oss med, mens vi venta på at kl skulle bli 20.00. Den første drammen skulle komme som tema i en seinare konkurranse. Forøvrig rakk vi 3 til ca 20.06 når vi fekk med sppc’erane på bakrommet.
Etter at Gudfaren ønskte velkommen fekk vårt nye medlem presentere seg.
Kaare P. (Kaare M Christoffersen)
Det viste seg at han hadde fleire tallent. Arrangørane beit seg mest merke i at han hadde vore forskalingssnekker, som kan komme godt med på Oktoberfestrigging. Anbefaler forøvrig å lese lokalavisa der han hadde fått en lenger presentasjon.
Då var konkurransen i gang.
Som først på lista starta Smeden med 2 piler. Tema for kvelden var blink. Det vart skarpskyting på fleire måter.
Vil vel kanskje ikkje seie at det var imponerande summer i denne konkurransen, men Kåre T noterte seg for 37poeng.
Etter ei kort pause vart det en konkurranse i/på Shuffleboard. Deltagerane skulle plassere kvar sin stein eller puck nærmast enden for å kapre poeng. Her var det mange ønsker om prøvestein, men det vart raskt avvist. Det viste seg å være vanskeleg og styre kreftene. Et par fekk ekstrakast når dei ikkje kom fram til poenglinja, men heile 9 gjekk herifrå med 0poeng. Torstein og Asle scora en 2’r som resulterte i 8poeng kvar. Høgalmen, Bent Sigurd, Kurt og Bård Olav klarte 1 som då vart 4poeng kvar. Vi fekk kommentar at bordet kanskje ikkje var heilt beint, men antat pucker som gjekk ut på høgre og venstre var likt. Flest gjekk rett fram og utfor kanten.
Neste prøvelse var straffespark. 11metersmerket var enden på shuffleboardet og mål mellom 2 krakker på endeveggen.
Etter at Michael hadde testa bana vart målet utvida til ca1mbredde.
Kaare P var tidleg ute, og ettersom han hadde vore proffisjonell fotballspelar burde dette være «a walk in the park».
Det viste seg at dette var ei stund sia, og det enda dessverre med 3 bomskudd.
Her var fleire som scora både ett og 2 mål, men her var det sjølvsagt vår egen fotbattproff Asle Myrold som huska gamle kunster og prikka inn 3mål. Her må Kåre T ha hatt ekstrem flaks, for han klarte samme kunststykke. Kveldens hardaste, som utvilsomt ville gått forbi enkvar keeper, stod Smeden for. Men den gjekk dessverre over mål.
Etter at Argentina vant kampen og vi får møte dei i semien i VM, bør Asle og Kåre med sin treffsikkerhet være innbyttera i finalen i VM
No syns arrangørane at vi hadde veldig god tid. Dei 5-6 captMorgan hadde begynnt å virke, og vi bestemte at det også vart ei runde billjard. Her var dei fleire som lurte på tellinga, då det før straffesparkkonkurransen var sagt at det var en konkurranse igjen før vi skulle til clubbhuset.
Tevlinga bestod av å skyte ned 3kuler, plasset på ei rad. Kvita kunne hentast tilbake etter kvart slag, eller en kunne fortsette med utgangspunktet en hadde etter forrige forsøk.
Ikkje enkelt her heller. Men 2 stk gjorde reint bord. Høgalmen som viste at et utal kvelder på Yris Kafe i Olden hadde gjett resultat, og Kåre T som igjen viser skjulte talenter.
Då var det tid for å flytte seg til clublokala.
Arrangørane var heldige her og fekk privatsjåfør, og Terje-smed leverte oss trygt ved inngangen.
Her målte Michael opp 13 drammer. Sjølvsagt captMorgan og coca-cola.
Og en 2-3 med berre cola.
Målet her var å drikke denne på idealtid, så var medianen på dei første drinkane arrangørane drakk på R34.
Smeden var tørst og fekk her i seg sin drink på 2 minutt. Dei neste tok det litt meir med ro, og når Gudfaren påpeika at det hadde gått 8minutt tømte Kaare P glaset. Etter 10min Bent Sigurd, Torstein og Endre. Dei som traff her var Ståle og Robin, som brukte 13 minutt, og var spott on. Kun Kurt var tolmodig nok til å klokke inn på 14minutt, og einaste som tippa lenger tid en vi brukte. For det record: Gudfaren og Michael hadde samme tid. Og vi vart veldig hefte i drikkinga med registrering om mykje godt prat rundt bordet.
Når vi hadde kosa oss med litt captMorgan, chips og saltstenger var det klart for kveldens siste konkurranse. Skarpskyting.
Vi sette opp blink ved prøveromma til Lovmann Bø og alle fekk 2 skudd kvar. Igjen var det Kåre T som traff nærast blinken. 12poeng. Kaare P med 11. Endre, Robin og Bent Sigurd med 10poeng.
Som de veit, det er utrulig kor mange som har vunne sin første ff.
Det skjedde ikkje denne gangen.
Kåre Tonning var suveren,
og som Robin og har sagt. Du må møte opp for å vinne!
Gudfaren sin kommentar: Her gjekk det vel som hon Besta sa. Troll i ord. I kommentarfeltet skreiv Gudfaren at Kåre hadde god sjangse til å vinne om Kurt Kubikk vart sein. Kurt kom ca kl 20, derfor vart oppstart utsatt til 20.06.
Vi Gratulerer Kåre med sin 12.seier!
Kan og ta med at arrangørane diskuterte gjentatte ganger med chat-gpt om kven vinneren skulle være, då det vart mykje jobb og summere. Men etter 4 forsøk vart vi enige om å rekne sjølve.
Det vart ei runde på puben etterpå, som økte antal gjester på puben med rundt 1000%.
Ingar vart verdig vinner an MBP.
PS!! Husk påmelding-fristen til ELVIS-festivalen 15.juli.
Vurdsamt
Michael og Gudfaren.