Referat FF Mars 2023
Aking og styr.
23 stk møtte, av desse aka heile 19 stk.

Nokre møtte direkte i Loen. Men mange møttest på Isehaug for ein duggfrisk før Geir Ove henta oss med buss og køyrde inn til Loen Skylift. Vel oppe i restauranten vart det fleire pilsner, fernett og nokre drinkar. Dette var naudsamt då det blas opp i 15 m/s og snødde.

Fleire var beint fram redde. Men arrangørane roa gemyttane og til slutt vart alle med på aketuren. Her må Christer framhevast. Han er den einaste vi veit som har aka frå Hoven og ned til Opheim MED krykker. Eg vil seie at alle 19 som tok turen viste framifrå mot og er herved kvalifiserte til sydpol ekspedisjon.

Alle som aka fikk 5 poeng

Etter 1,5 time i akebakken, gjekk bussturen vidare opp til Paul Øyvind. Der vart det fleire konkurransar. Paul har mykje rart i garasjen sin. Så her måtte deltagarane gisse kva utstyret vert brukt til. Og tippe vekt på ein anbolt. Per Vik vart beste gissar. Dei aller fleste hadde ikkje peiling. Deretter bar det ut på tunet for brøle konkurranse. Vi hadde ein desibel målar og alle måtte brøle i minst 4 sekund. Ikkje uventa var Even og Kim Rune i toppskiktet her. Men totalt sett hadde ein meget overraska Asle Myrold mest poeng. Han aka, gissa OK, tippa ganske nær på anbolten og hadde 4 beste brølet.

Arrangørane gratulerer Asle med fortent siger!

Mr Fosse frå Knutholmen var ny medlem. Og måtte svare på div spørsmål tradisjonen tru

Honør til Pilen som stiller med gratis buss. Og honør til Geir Ove som var sjåfør