Mølla med Even Flo.
Ein gjeng karar hadde forberedt seg til den årlige aketuren «evenfloinviterertilførstemannfråHoventil180graderssvingen» Vinteren vart ikkje slik vi ønska, og aketuren måtte utsettast til mars 2026.
Evenfloinviterer gjorde raske endringar i programmet. Peter Piels busservice henta oss ved clubhuset, og turen gikk til Mølla i Olden der Frode Briksdal venta med pirataspirantkurs for SPPC.
Første post på programmet var ein lang quiss med tett på 30 spørsmål. Uheldigvis for quissmaster Frode var det ikkje alle spørsmål som kunne brukast, og heller ikkje alle spørsmåla som hadde rett fasitsvar. Difor slapp vi unna med å svare på omtrent halvparten.
Etter vel unnagjort quiss og sosialt samvære med lokalbefolkning og hyttefolk som var på Mølla denne kvelden var det tid for dei praktiske opptaksprøvene til pirataspirantkurset ute på og ved cruisekaia. Vi var innom postar som kapproing med plastbåt, bording av kai, sabel-svinging med lapp over auget, og eit par andre kjekke konkurransar.
Til slutt var det premieutdeling inne på Mølla. Frode og Even overrakte pirat-pin til Geir Ove, Jan Tore og Torstein, og gav dei tilbud om sommarjobb som piratar på Olden kai. Deretter vart det Peter Piels busservice tilbake til Stryn, og jaggu hang det med nokre av dei lokale frå Mølla som skulle inn til Alex. Kvelden vart avslutta på R34 med mat, dart, og shuffleboardkonkurranse mot Kirkeeide Fellesfjøs som var ute på firmafest med blankt i glaset.
Takk for ein finfin kveld. Pirathelsing
Even Flo
Arrangør og referent