Referat FF Mars 2026
Ballistikk og dronekjeiring.
Ballistikk og dronekøyring stod på programmet då 14 pingpongarar var samla på klubbhuset til dyst. Det var 3 innleianda rundar der disiplinane var kryssermissil, artilleri og antipanserdrone. Det vart delt inn i 5 lag som sjølve måtte halde styr på poengsummar og gjennomføring. I likskap med 5. trinn på Tonning skule klarte dei fleste seg bra. Konkurransestart vart utsett til Jan Banan kom tilbake frå lassarettet. 

Første øving var kryssemissil. Her var det mange gode poengsummar; og nokon skikkeleg dårlege. Det skulle vise seg at dei som hadde best kontroll på missilane var Gudfaren, Arve Fjellkårstad og Capo. Desse la seg midt på 20-talet, og var store favorittar resten av konkurransen. I øvinga artelleri var det Bård Olav som kunne syne til den beste poengsummen. Her datt Åge totalt i gjennom, og berre eit under kunne ta han heilt fram til ein finale. Dette skjedde ikkje. 

Antipanserdrona kunne hente heim 30 poeng for seier i heatet, og dei som kunne innkassere 30 poeng var: Ingebrikt, Capo, IS, Kim Rune og Arve Fjellkårstad. Capo hadde beste poengsum etter tre rundar med 62 poeng. Arve Fjellkårstad hadde 60, og var såleis klar for finale mot Capo. Det synte seg at Arve Fjellkårstad venta kaffigjester, og måtte trekke seg frå finalen. Dermed vart IS lucky looser, og kunne delta i finalen som berre heitte war games. Capo hadde høgst poengsum, og fekk velge øvelse. Han valde kryssermissil, og snart barka dei ihop i eit episk slag. Første runde enda uavgjort. I andre runde fann IS ei opning i The iron dome, og den eine krysserraketten etter den andre fann vegen til målet. IS stod igjen som lukkeleg vinnar. 

Arrangøren takkar for ei hyggeleg stund saman med kjekke pingpongarar.