Referat FF November 2023
Kahoot og kulinarisk aften.
Stad: Låven på Visnes

Tilstades:
Åge, Robert, Torstein, Anton, GT, Konsulen, Kapellmester, Holen, Kjell Magne, Hood, Henning, Kjell Erik, Ingar, Hansen, Hans Olav, Kristian, Ole Morten, Sondre,
Kandalen, David, Ståle, Ingebrikt, Peter, Lisje-Hagen, Mindaugas, Mikkelsen, Solum, Kim Rune, G1 (Håper vi ikkje har gløymt nokon)

Tema: Kulinarisk

Musikk for kvelden: Rammstein

Drikke for kvelden: Rum

Ein gjeng av Stryn (pluss ein Sunnmøring av beste slag) sine aboslutt beste menn var samla i Låven på Visnes denne vakre fredagskvelden. Lite visste dei om kva slags oppgåver som venta dei i løpet av kvelden, men dei fleste var ved godt humør. Det skal seiast at arrangørane fekk nokre rare blikk då vi delte ut svarte eingongshanskar utan å seie kva denne skulle nyttast til, men forslaga var mange. Det vart og notert poeng til dei som hadde tatt med seg ekstra t-skjorte og handkle.

Aktivitet 1: F1
Her fekk dei deltakarane som møtte opp i tide med seg Q2 (kvalifisering 2), og kunne nytte denne kunnskapen då dei skulle tippe riktig rekkjefølgje på top 3 i Q3. Det skulle vise seg at herrane ikkje hadde den beste kunnskapen i motorsport, men vi kan no vel poengtere at resultata her kun skulle nyttast dersom vi måtte luke vekk nokon seinare i konkurransen.

Aktivitet 2: Kahoot-quiz
Arrangørane hadde kokt i hop ein god-quiz av det sjeldne slaget. Spørsmåla var varierte og pålag ikkje mogelege å google seg fram til. Kategoriane var blant anna Rukas, Postmannjen, Hagen, F1, Rammstein og ein del SPPC historie. Her slo konkurranseinstinktet til enkelte inn for alvor, og stadig vekk skifta det på kven som låg på topp tre.
Topp 3: 1.plass: Henning 2.plass: Hood 3.plass: Konsulen

Hovudaktivitet: Kulinarisk aften

Runde 1:
Deltakarane vart servert kyllingvingar lett marinert av huskokken Rukas. Vi var sikre på at alle skulle klare denne, og jammen fekk vi rett. Nå tenkte vel dei fleste at dette var enkelt, praten gjekk livleg rundt bordet og herrane skålte og drakk.

Runde 2:
I denne runden hadde vi opne flaskene med chilli-saus, og vi hadde ein mistanke om at nokon kom til å måtte kaste inn handkledet i denne runden, eller det vil seie drikke av glaset med youghurt. VI TOK FEIL! Alle deltakarane bestod denne runden med glans.

Runde 3 til 7:
Vi skrudde opp styrken noko, og serverte kyllingvingar i aukande styrke dei neste rundene. Her fann deltakarane ut at gummihansken hadde eit mål og ei meining. Mange måtte gje seg på mellom 65 000 og 100 000 SHU. Dei gjorde ein svært god innsats. Presentasjon av nytt medlem: Sondre Sebakk. Nyleg medlem av Brunsprit-klubben, jobbar på Olden skule.

Runde 8 -10:
Her starta vi på 250 000 SHU og avslutta på godt over 1 000 000 SHU. Dei fleste av dei gjenværande deltakarane måtte no til å løyse sveitten, og det var tydeleg at dette var langt frå behageleg. Etter runde 10 sat det igjen fem karar som nekta å gje seg. Jury-møte: Vi var rett og slett ekstremt imponerte over herrane som sat att rundt bordet.

Men: Vi hadde planlagt ein finale for to personar, så vi måtte redusere talet på deltakar. Her kom poeng frå tidlegare konkurransar inn. For å gjere ein relativt langvarig seanse kort: Robin Hood og Torstein Kranglefant var vidare til finalen.

Finale:
Hood og Kranglefant i finalen:

Aktivitet:
Sitte med slikkepinnen “The Toe of Satan, 9 000 000 SHU (omlag fire gongar sterkare enn Carolina Reaper, inntil nyleg verdas sterkaste chilli) i munnen lengst. Desse to karane var dei suverent beste gjennom heile kvelden (så langt), og hadde absolutt fortent sin plass i
finalen. Men slik skulle det ikkje gå: Dei to finalistane hadde fått litt fritid før finalen, og den hadde dei nytta til å diskutere seg i mellom. Dette er ALDRI lurt. Dei hadde nytta tida på å snakka kvarandre ned, og då finalen skulle starte nytta Kranglefant tida til å halde ein appell om at dette måtte vere farleg og at finalistane ikkje ønska å innta noko som måtte vere kategorisert som kjemisk våpen. Som vi alle veit skal det kårast EIN vinnar av FF, så det var aldri eit alternativ å kåre begge til vinnarar. Dei fekk valget mellom å slutte å sutre, eller å trekke seg. Så vidt eg veit, har det aldri før skjedd at begge finalistane feiga ut før ein finale, men det var akkurat det dei gjorde.

Finale:
De tenkjer vel at dette var krise, men slapp av. Vi hadde full kontroll og hadde klare to nye kandidatar på svært kort tid. Det var klart for duell mellom brødrene Tonning. Medan dei to andre finalistane inngjekk fred og trekkte seg, gjekk GT til krig mot Konsulen. Her skulle det ikkje visast noko form for nåde.

Finalistane fekk info om reglane og var klare til dyst. Her var det ingen av kandidatane som stillte spørsmål om Geneve-konvensjonen og reglar for bruk av kjemiske våpen i fredstid. Her var det rett på, og startsignalet gjekk. Det tok nokre sekund før dei fann ut kva det var dei eingentleg hadde gitt seg ut på, og endeleg fekk vi sjå både Konsulen og GT sveitte litt. Nimillionarscoville som ligg på tunga og kosar seg. Etter litt over minuttet innsåg Konsulen at slaget var tapt, og han gav seg. I eit kort intervju i etterkant sa han at han skulle nok ha klart noko lenger, men at såg at lisjebror GT ikkje hadde tenkt å gje seg denne kvelden. Dermed vart det klart for GT sin sjuande siger gjennom tidene.

GRATULERAR SÅ MYKJE GT!

Etter at finalen var ferdig sat vi att ein gjeng og drakk brunt brennevin, høyrde på skikkeleg musikk og prata om laust og fast. Døra vart låst omlag klokka halv to. Vi ønskjer å nytte høve ved å skryte mykje av dei som møtte opp denne kvelden. Heilt ærleg så hadde vi rekna med at deltakarane kom til å drikke av youghurten sin mykje tidlegare, og dermed kaste inn handkledet, men fy flate kor godt herrane jobba denne kvelden. Vi er stolte av dykk.

Fun fact:
● Det gjekk med 2,2L rum av beste kvalitet frå Brunspritklubben sitt private lager.
● Totalt konsumert SHU denne kvelden: 12,8 milliardar (i følge Rukas).
● 17,4% oppgang av youghurt-salget på laurdag.
● Analsalva Xyloproct var utseld på begge apoteka tidleg på laurdag.
● Anton Andre Sande sat med “The Toe of Satan” i 2min og 41 sek etter at finalen var ferdig. RESPEKT!

Brunspritklubben takkar for ein flott aften.