Referat FF November 2025
Diverse lått & løje
Vegen blir til medan vi går.

Heile tjuesju pingpongarar møtte fram då Gudfaren, Dyrlegen og Konsulen skipa til kappestrid på clubhuset.

Først litt oppsummering og foreløpig info frå oktoberfestsjefen Even. Meir formell tilbakemelding kjem ila november.

Deretter begynte forvirringa. Deltakarane vart delte inn i seks lag, med tilfeldig valde lagkapteinar utan vidare rolle eller funksjon utover kvelden.

Gudfaren hadde vorte inspirert av ein ny serie han hadde sett, og hadde mekka i hop ein slags innandørs stafett-variant av kubb. To runder der oppkappa og fargespraylakka 2x2 trekubber (sponsa av høvesvis Sølvberg og Veidekke) vart dælja og kasta veggimellom i førsteetasjen gav god grunn til å tru at her var ein eller slags serie eller cup på gang. Innsatsen til oransje, blått, grønt, kvitt, trekvitt og rosa lag gav godt grunnlag for vente-øl og annan oppsummering av dei idrettstekniske detaljane mellom og etter slaga. Sakte-video og fotofinish måtte til for å dømme resultatet i siste kampen mellom blått og grønt lag.

Allereie her spurte Asle om han var i finalen. Han vart overtydd til å delta vidare allikevel.

Neste runde gjekk og føre seg lagsvis, men allikevel individuelt. Gudfaren og Dyrlegen hadde målt opp ein strek nøyaktig 5,00m frå sokkeveggen til Oktoberfestsjappa. Deltakarane fekk så hette over haudet, og skulle gå dei fem metrane frå streken til veggen, men utan å møte veggen. Snekkarar, entreprenørar og andre med metermål og augemål i godt normalt hald, men no blinda, bomma med både meteren og meir, samt i retning og vinkel. Hovmod står for fall! Ståle og Even N skritta promillesikkert ut i mørkret, og traff nærast med høvesvis 9,0cm og 10,5cm. Fleire andre sjanglande traff og bra på skrittlengda. Lovmannen hadde mest kreative og «all in»-måten å måle opp golvlengda på. Dei to helgautskremde frå Politi- og lensmannsetaten på utsida av sjappevindauga fekk seg god underhaldning!

Robin Hood burde valt magen som framste punkt og ikkje tåspissen, då hadde han gått foran Ståle som nærast til å møte veggen.

Presentasjon av to nye medlemmer i klubben. Helge og Johan trudde dei berre skulle på fredagspils med HS-bygg, men vart kapra vidare derifrå til oss. Velkomne skal de vere!

Ny runde med oppskritting av femmeteren i mørkret for den beste frå kvart lag, og det var vel om lag ca i dette tidsrommet her poengutrekninga og finalekonseptet fann si endelege form. Kvifor skal berre nokre få kvar gong havne i finalen? Kvifor skal ikkje Asle også kunne havne i ein finale? Oppmøte og gjennomføring av alle øvingane på FF burde vere kvalifiserande for alle, i staden for at folk stikk på pub, heim eller kor som helst andre stader når berre to-tre står igjen i finalar.

Konsulen og Dyrlegen fann så ut av diverse bonuspoeng for dyrelikheit hjå dei oppmøtte på ilder, rev og gaupe, honnørkort på buss, seniorpoeng, stil, kroppsdellengder og anna me heilt mista kontroll på sjølve. Gudfaren (med støtte frå Capt. Morgan m/følge) rekna så ut at alle kvar for seg og i lagsfelleskap, inkludert bonuspoeng hadde fått nøyaktig nitti komma null poeng. Alle var dermed i finalen.

Felles finale for firogtjue deltakarar i oktoberfestsjappa, utlevert saks og A4-ark, klipp ut eit stort nok hol til å kravle seg sjølv gjennom arket. Dette var ikkje lett å forklare, enda vanskelegare å forstå, og bortimot sjanselaust å gjennomføre for dei fleste, inkl arrangøren i det som burde vere ordna konkurranseformer. Plutseleg sto Bent Sigurd på golvet med flott løyst oppgåve. Benny nokre få knappe sekund bak. Resten av golvet var fylt av papirklipp og opprivne ark med og utan kroppsdelar gjennom.

Vinnar av FF november 2025 vart dermed Bent Sigurd Støyva!

Noko krangling både på poeng, dømming, gjennomføring og resultat undervegs: God stemning og høglytt basarsoll både før, under og etter arrangementet. Ein rett ut triveleg kveld!

FF desember blir i regi av Oktoberfestgeneral Breivik og medsamansvorne.

Sign.,
Konsulen, Dyrlegen og Gudfaren.