Referat FF Oktober 2022
Ståkviss og styr.
17 stk møtekåte mannfolk droppa Hugos Tivoli, regnbyge, sure vind å sure kjerringa til fordel for årets FF Oktober. Innvitasjon var ute onsdagen so folket kunne begynnde å finne unskyldningar for å rive seg lause fredagskvelden. 

Møtestad var på Flåten Termotransport sitt garasjeanlegg på Visnes, å folk strøymde på. Fulle av forventningar vart dei ønskt velkommne av komiteen, loppa for en femtilapp å sette til bords. Sidan det var Strynemesse hadde arrangørane laga "Tombola" i anledning den store dagen å her gjorde dei det godt, alle klarte å treffe førstepremie som resulterte i ei gratis øl til all deltakarane.

Deretter var det klart for ståquiz, nei ikkje ståtiss. Her hadde arrangør fått hjelp frå en av Flåten sjåførane, ja til og med den sjåføren med mest km bak rattet næmlig Kurt Kubikk til å hjelpe oss med nokre faktaopplysningar. 8 delvis vanskelege spm med 3 alternativ å velge mellom vart presentert. best etter første runde var Bjørnar Sæten med 6 rette, med Kjell Magne, Geir Ove og Jan Egil hakk i hel.

Alle deltakarane fekk vere med vidare til neste runde som var å kaste på blink. Her var det om å gjere å treffe med nokre fjølebetar i nokre dekk,5 poeng lengst vekk å 3 poeng nærmast, dei hadde 3 fjøle til disposisjon. Her tok nok en gong Bjørnar sigeren med 11poeng, Paul og Jan Egil var nærmast med hhv 9 og 8 poeng. Då var det på tide å eliminere halve lista å dei med flest poeng til no fekk vere med vidare til slangekveiling.

En ca 40m lang hageslange skulle kveilast ihop so den fekk plass på ei halvpalle. Her var det pluss poeng for utsjånad, uttrekk uten vase, og minus poeng viss vi ikkje var fornøgde, ellers gjekk det på tid. Her var det stor skillnad i utførelse og i tid. Raskast var Paul med pluss poeng for utsjånad. Kjell Magne like bak å Jan Egil på en fin tredje plass, fin var derimot ikkje kveilinga å såg meir ut so noke som hadde kome drivande med elva. Etter eit kort møte i sekreteriatet var det klart at Paul skulle møte Kjell Magne i finalen. Det dei ikkje visste var at Paul egentleg allerede var kåra som vinnar, men for moro fekk dei på seg bind for auga, sykkelhjelm å beskjed om å vike unda for ei flaske som hang som en pendel frå taket, best av tre forsøk vart lansert å deltakerane byrja å bevege over kroppane som en dans med særdeles dårleg koregrafi. Egentleg skulle ikkje flaska gå i det heile men Asle klarte ikkje å la være. Etter høgtidleg premie over rekkelse, med premie til alle på pall plass, som forøvrig var sponsa av Fjord Supply, var det på tide å vandre vidare til Stryn Gastrobar, hadde tatt på seg spanderbuksene å reiv i pizza buffet til heile gjengen, som Staysmann sei en godt stekt pizza......

Stor Takk til alle vore sponsorar som hjelpe oss med eit kostnadsfritt arrangemang: Flåten Termotransport, Fjord Supply og Stryn Gastrobar, Godt jobba.

Nesten heilt sikker på at han Kurt og Poppe hadde en plan for neste FF viss ikkje noken andre har tinga den.

Takk for dansen, helsing Asle og Robin.